Energimerking

Energimerking i kombinasjon med takst - ring oss for gode tilbod!
 
  Energimerke symbol Energimerke karakter
 

Frå 1. juli 2010 skal alle bustadar (over 50 m²) som skal seljast eller leigast ut,  ha ein særskild energiattest. Energiattesten er eit energimerke som viser bygget sin energistandard. Målet er auka fokus og kunnskap om energibruk og løysingar/tiltak som kan gjera bustaden meir energieffektiv.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har lagt opp til at eigar sjølv kan utføra registreringa - ei form for "sjølvmelding". Denne kan du levera på to ulike nivå, enkel registrering eller detaljert registrering.
 
Meir informasjon finn du her: www.energimerking.no.
 
Alternativt kan du også få hjelp av ein ekspert (takstingeniør, sivilarkitekt, energirådgjevar) til å utføra energimerkinga. Ved bruk av ein ekspert vil du få ei langt meir detaljert registrering som også kan gje bygget ein "betre" karakter på energiattesten. 
Eksperten kan hjelpa deg med di eiga registrering på detaljert nivå, eller utføra registreringa på ekspertnivå med våre særskilde registreringsverktøy godkjend av NVE.
 
Myndighetene stiller kompetansekrav til slik ekspert og vi har kompetanse og sertifisering for energimerking av bustadar.

Litt meir om energikarakter og økonomi

Energimerkeordninga er ny og det vil truleg ta noko tid før energimerke blir vektlagt ved bustadhandel.
Døme kan likevel vera to like einebustadar i same område men med ulik energikarakter. Bustaden med karakter D har årleg straumforbruk 25.000 kWh og nabobustaden med karakter E har 40.000 kWh. Forskjellen i straumrekninga er idag minst kr. 15.000,-  kvart år. 
Ved slik energipris og perspektiv over 10 år blir differansen i energibruk kr. 150.000,- . 
Etterkvart vil både seljar og kjøpar sjå at ein god energistandard også bør påverka pris i bustadmarknaden.
 
Informasjonsbrosjye om energimerking frå NITO Takst - opne som pdf.

Registrering av energiattest ved bruk av NITO Takstingeniør - opne som pdf.

Eigenerklæring skjema frå NITO Takst - opne som pdf.

Tips om vedfyring - frå Sintef  (filformat pdf).

Ta gjerne kontakt med oss for nærare informasjon og råd om energimerking.