Radon

Radon er ein usynleg og luktfri edelgass som førekjem i ulike konsentrasjonar over alt i naturen. Radon har lita evne til å binda seg til faste stoff og radonatom vil såleis lett koma ut i lufta. 
Radongass blir danna frå radioaktivt materiale i radiumhaldige bergartar, døme er radiumhaldig granitt og alunskifer. 
Ved nedbryting av radon blir det danna ulike andre radioaktive stoff, på fagspråket kalla ”radondøtre”.
I luft med radon og radondøtre vil lungene bli utsett for stråling og dette kan over tid gje auka risiko for utvikling av lungekreft. 
Radon i bustadar er rekna som årsak til mellom 5 og 15 %  av alle tilfelle av lungekreft i Noreg.
 
Kvar kommune er pålagt å kartleggja førekomst av radon og skal kunne gje informasjon om dette.
Statens strålevern har meir informasjon om radon i bygningar - www.nrpa.no

I indre Hordaland er til dømes kjend at eit område i Kinsarvik har radon som ei stor utfordring.

Måling av radon
Konsentrasjon av radon bygningar kan målast på ulike måtar:
 
- Øyeblikksmåling (under eit døgn – evt. i samband med trykkprøving).
- Utvalsmåling (over meir enn 2 veker).
  Slike målingar krev særskilde måleinstrument.
 
- Måling for vurdering av tiltak (meir enn to månadar).
For bustadar er denne metoden mest aktuell og kan utførast enkelt ved sporfilm-metoden.
Her kjøper ein særskilde boksar som blir utplassert i to ulike opphaldsrom over lengre tid og så blir sendt    inn til analyse. Låg kostnad.
 
Drikkevatn frå borebrønnar kan ha høg radonkonsentrasjon.
 
Tiltak
Nye byggeforskrifter frå 1. juli 2010 stiller krav om radonsperre i grunnen på alle nybygg.
 
Dersom det blir påvist for høge konsentrasjonar av radon i innelufta, fins det fleire ulike tiltak for å redusera helsefåre.
 
For meir informasjon om radonmåling og tiltak: www.radonlab.no eller ta kontakt med oss.