Taktekking med Vossaskifer
 |
Vossaskifer
Dine tippoldeborn vil takka deg for investeringa !
Eit
heilt nytt skifertak må vel vera den finaste og beste taktekkinga som finnast !
10x16"
lapp samfengd (= usortert) Garasjetak i
Skulestadvegen 126 |
| Gamle skifertak er ofte lagt med skiferhellene direkte på bordtaket (sutaket).
Varmforsinka (galvanisert) spikar blei ikkje vanleg før etter 2.verdskrigen, og takskifer lagt før dette
er festa med spiker som rustar - den mest vanlege årsaka til at skiferhellene
losnar. |
- Ved nye
skifertak eller omtekking av gamle bør ein leggja skikkeleg
arbeid i undertaket - både materialval og detaljer. Hugs på at
eit nytt skifertak kan få ei levetid på fleire hundre år!
Forenkla undertak bør ikkje nyttast - ein må ha berande sutak(taktro)
med diffusjons-open takfolie eller god underlagspapp (avhengig av
konstruksjon - lufting over isolasjon). Byggforsk tilrår
impregnert trelast
til rekter og lekter, men Riksantikvaren ynskjer uimpregnert - men
gjerne malmfuru (av miljøomsyn).
- Ved gjennomtenkt oppbygging av konstruksjonen meiner me at du
gjerne kan bruka rekter og lekter i ubehandla gran/furu av vanleg
god handelskvalitet.
- Taket på Fossastøl er bygd opp med solid bordtak og takfolie (Protan
AS), impregnerte lekter og lekter skrudd med teflonbelagte skruar.
(CCA-impregnering inneheld kopar, krom og arsen -
ein skal vera merksam på evt. kjemisk reaksjon mot andre metall - bør
ma. ikkje kombinerast med aluminium!).
- Det nye undertaket på Fossastøl er i seg sjølv fullverdig
taktekking men Vossaskiferen gjer taket langt meir
"slitesterkt" mot snø/is, regn og vind.
- Og estetisk er jo skifertaket meir enn sjølvsagt!
|
 |
| Ved innvendig etterisolering av takkonstruksjonar med skifertekking
skal ein også vera merksam på at ein kan missa den naudsynte utluftinga
under skifertekkinga. Dette kan medverka til kondens og
frostsprenging/forvitring på undersida av skiferhellene, noko som kan
redusera levetida til skiferen vesentleg. Luftespalte mellom sperr kan
løysa problemet. |
 |
- Gjenbruk av Vossaskifer
-
- Samanlikna med fabrikkprodusert takmateriale vil den handlaga
Vossaskiferen bli relativt kostbar.
- Dersom du har eit tak som "krev" skifertekking - til
restaurering, tilbygg eller nybygg kan det også vera eit alternativ å
kjøpa brukt skifer.
-
- Ved kjøp av brukte skiferheller vil det vera
avgjerande korleis skiferhellene har vore lagra - direkte kontakt med jord/fuktighet kan
ha redusert kvaliteten.
- Om du er i tvil om kvaliteten kan du "kakka" på
steinen - klår/fast metallisk lyd er eit godt teikn!
-
- Det kan også bli naudsynt med skjæring av nye
hakk for innfesting / spikring når det skal tekkjast med gamal skifer på nye tak med
fast lekteavstand.
- Bruk steinskive på vinkelslipar eller dobbelt diamantblad
(skiferstift har dimensjon 2,8mm - enkelt diamantblad er oftast for
smalt).
- Galvanisert skiferstift 2,8 / 45-55-65. Bruk middels stor penn-hammar med
hicoryskaft.
Firkantskifer i større format bør spikrast med særskild "klypp-spikar"
og ved tekkjing med store Rastaheller bør du kontakta fagfolk med
erfaring.
- Byggmeister Stein Oddvar Hanto i arbeid med 8x14" lapp.
|
- Glasiologane (isbreforskarane) brukar kartlav (Rhizocárpon
Geográphicum) som eit viktig parameter i si forsking.
- Kartlav veks omlag 1 millimeter i året og slik kan me
sjå kor lenge akkurat denne skiferhella har vore i bruk!
-
- "Jaktslottet" på Fossastøl er bygd i 1909 og desse
skiferhellene er bruka
i 100 år.
-
- 1000 meter over havet, og lokalt er 3 m snø ikkje rekna som
uvanleg.
- Byggmeister Olav Langesæter i arbeid med
gamle 8x14" lapp.
|
 |
|
Møneremser
Byggmeister Bjørn Atle Nesheim tekte mykje skifer i læretida si.
Her har me i tillegg lagt inn plattlodd (blyremse) under mønesteinen som ekstra
tetting/sikring.
- Prosjekt:
- Forsvaret / Bømoen Voss
|
Foto på denne sida er henta frå prosjekt utført av
Byggmeister Hanto
og Langesæter AS
Anna aktuell informasjon om skifertak:

Sjå også BYGGFORSK / Byggdetaljblad 544.102 / 2000 -
Tekking med skifer
Har du spørsmål om Vossaskifer - prisar, dimensjonar,
leveringstid/vilkår mv. - kontakt produsent:
Jan Olav Grevle - tlf. 990 22 755
Har du trong for fagfolk til skifetekking - ta kontakt
med:
Byggmeister Olav Langesæter AS - tlf. 994 61 909
Sjå også
vår side med glimt
frå produksjon av Vossaskifer