TilstandsrapportNår du skal selja huset ditt bør du be om ein Tilstandsrapport. Takstbransjen har utarbeida eit felles rapportformat for tilstandsrapport ved avhending - Boligsalgsrapporten.NITO Takst og Norges TakseringsForbund tilrår sine medlemer å nytta Boligsalgsrapporten som einaste rapportformat ved tilstandsrapport i samband med eigarskifte. Til andre føremål kan du be om TilstandsanalyseTilstandsanalyse blir gjerne nytta for spesielle bygningsdelar, døme kan vera fuktkontroll i kryperom, våtrom eller vurdering av takkonstruksjonar. Føremålet med ei tilstandsanalyse er å kartleggja bygningen sin tekniske tilstand med siktemål å laga ein plan for vedlikehald og aktuelle utbetringstiltak. Takstingeniøren gjennomfører ei grundig synfaring av takstobjektet og lagar ein detaljert rapport om den tekniske tilstanden på dei einskilde bygningsdelane og kommenterer også trongen for vedlikehald og evt. utskifting. Vi kan i tillegg utføra spesiell fuktkontroll/analyse, trykkprøving og termografi. Tilstandsanalyse frå NITO Takst blir gjennomført med basis i NS 3424 Tilstandsanalyse for byggverk. Tilstandsanalyse er uavhengig av verdi-/marknadsvurdering. Ved avhending av bustadar vil NITO Takst tilrå tilstandsanalyse med verdivurdering = Boligsalgsrapporten |